Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/84

Denne siden er godkjent
82

dei røynande oss, at Tanken driv i Skyerne; alle vedgjeng, at Vissa ikkje er aa naa. Og den skeptiske Visdom vert alltid ny: inkje noko er sant; alt hev Rett so langt som det tener Live.»

«Den Vissa eg hev um Gravitationen, er eg nøgd med.»

«Eg og. Men kva Grunnar hev du for Gravitationen? Me trur paa det som me røyner oss til.»

Me talar meir um Vitskap; og han segjer:

«Me maa vita alt. Heile denne Verdi maa me røyna ut, og oss sjølve med; og me maa vita kva det er me kallar Live.

Kann henda er me som Baani, som riv sund Leikurne sine og vil sjaa kva som inni er; og naar dei det hev set, er dei leide av Leikurne sine. Men endaa maa dei riva dei sund. Og so er det med oss. Det nyttar korkje Baal eller Bann: Galilæi maa rekna og mæla.