Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/86

Denne siden er godkjent

liksom Steinheimen til sist ber fram ein Voksterheim, soleis hev det høgste Dyr arbeidt seg upp ein Vilje, som til sist føder ein Aandsheim, eit Fridoms-Rike.

Der er me løyste fraa den blinde Lov. Der sèt Viljen seg sjølv si Lov og vert soleis fri; og finn me vaar sanne Lov, so finn me Live.

Difor segjer Sanningi: den vinn Live som gjer Guds Vilje. me byggjer det gode i oss, naar me gjer det gode ikring oss. Med daglege Sigervinningar yvi Naturen i oss arbeider me fram Aandsmenneskje i oss, det, som hev sitt Liv i seg sjølv, og dermed den Voni som ikkje ræddast Dauden.»

Segjer Bror min. Eg svarar:

«Ingen tvilar um Meining i sitt Liv, so lengi han gjer Nytte for seg. Er det Gagn i meg, er eg til Hjelp, gjer eg Arbeid som trengst, og gjer det godt, so veit eg at eg ikkje lever faafengt.