Vitnemaali i N. T., som eg paa min Maate hev granska og prøvt („J. Mess.“ S. 107— 114). Maaten hans er mest uventande teologisk. Mot Tilvisningane mine til Jesus-Sogune segjer hant.D.: „Dersom Jesus virkelig er opstanden fra de Døde, saa siger det sig jo selv, at han paa Forhaand har talt med sine Venner om det.“ Eg hev vist, at Jesus etter Sogune ikkje kann ha spaatt um Uppstòdo si. Det læt Bruun liggje.
At Jesus hev vori „uheldig i Valget af sine Disciple“, soframt Uppstòdo er uhistorisk, det maa like eins vera teologisk Tale. Jesus valde etter Sogune Sveinar til aa hjelpe seg med aa forkynne Gudsrike („J. Mess.“ S. 27—30); dette Arbeide synest dei hava gjort so han var nøgd med det. Daa Jesus mot alle Vonir vart drepin, kom for Sveinane nye Krav upp. Og daa er det at dei med all si Sjælekraft samlar seg um Trui paa Uppstòdo; den aaleine kunde halde deim uppe etter det forvillande Golgata-Hende.
At dei kunde tru paa Uppstòdo, det skynar me naar me dømer deim historiskt, mæler deim med Maale fraa deira eigi Tid. Det hev eg gjort: vist, at etter sine Fyrisetningar kunde, ja maatte dei tru paa Uppstòdo. Aa ikkje tru paa den hadde for deim vori aa negte: 1) at Israels Gud var allmegtig; 2) at Israel var