Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/21

Denne siden er korrekturlest

Guds Folk ; 3) at Jesus var Israels Guds Messias [1]. Men um Jesus-Sveinane ut ifraa sine Fyrisetningar hev tenkt og trutt aldri so ærleg, so er det ikkje dermed sagt, at det dei trudde var objektivt sant. Det er eit Spursmaal for seg, som krev historisk Gransking og Prøving.

I Grunnen hev Chr. Bruun sjølv visst dette. Naar det kjem til Stykke byggjer han, som andre upplyste Kyrkjefolk, si Tru paa det han held for aandeleg Sjølvrøynsle: var ikkje Jesus uppstadin, so vilde Live for Chr. Bruun verte meiningslaust. Den Grunnen er ein nøydd til aa lata stande. Men det er ein reint subjektiv Grunn; og kor langt det er millom subjektiv Tru og objektiv Visse, det kjem ein til aa hugse av noko Bruun sjølv dreg fram. „Trui“ paa slikt som To (Stof) og Kraft, den tvingar seg inn-paa oss; men den gudelege Trui, — ja den skulde vel vera „fri", etter det som Teologane plar lære.

Seg sjølv hev Jesus haldi for „den som skulde koma“; Gud vilde gjera han til Messias naar hans Tid kom. No skulde han fyribu Messiasrike. Han vandrar daa um

  1. Paa same Maaten er Paulus seinare rædd for aa verte funnin som eit „falskt Vitne for Gud“; Messias maa vera uppstadin. Elles vilde Israel, i det heile alle Messiastruande, vera dei „usælaste av alle Menneskje“; og den Grunnen hev jamvel for Farisæaren Paulus vori bindande.