Ein Gong vilde Chr. Bruun, um eg minnest
rett, ikkje vera Grundtvigsmann, og ikkje
Johnsonmann, og knapt nok Luthermann; berre
eit Namn brydde han seg um aa bera: Namne
etter Nasaræaren; det var vel i den Tidi daa
han hjelpte seg med „en Religion omtrent som
denne Garborgs“. Sidan hev mangt skift.
Bruun segjer vel knapt no som for nokre Aar
sidan: „jeg er Oftedøl“; men han vedgjeng, at
med Jesus fraa Nasaret klarar han seg ikkje.
Spursmaale er etter Jesus: korleis skal eg lìva
det Live eg fekk; Bruun spỳrr fysst og fremst:
korleis skal eg naa fram til eit anna Liv?[1]
Ein „maadelig Kristindom“ utan „religiøs
Begeistring“ eller „religiøs Styrke“ er Jesuslæra;
ho hev nok kunna „frembringe store Karakterer“; men nokon rett Kristindom vart det
ikkje. „Det har“, segjer Bruun, „været en
tør, mager Fromhed i Sammenligning med den
kristelige Menigheds“, ɔ: den kyrkjelege. Det
er den, han no hev søkt inn til; og med alt
han kann hava aa segja um Pietistar og dilikt,
so hev han ikkje trega paa dette. Heiltupp
- ↑ Jesus lærde sjølv eit Liv etter dette. Men Bruun maa hava Læra um Uppstòdo, fyrr han kann tru paa Jesus her.
kann vera med i Trieiningi, vert Menneskje Jesus og
Messias Jesus her utskilde. Likevel er Jesus „ein Person“, heil og ukløyveleg.
Teologisk Algebra fær ein vel kalle dette.