Eit Ord av Pave Bonifacius VIII: „det er
naudturvelegt til Frelse for kvart Menneskje
aa vera Paven undergjevin,“ stend i Kyrkjelovi.
Gregor VII liknar Pavemagti og Kongemagti
ihop med dei tvo store Himil-Ljosi;
Pavemagti er Soli; Kongemagti fær sitt Ljos
av den, er Maanen. Ein Erkebisp (St. Antonius)
hev skrivi, at Paven er større enn baade
Menneskji og Englane i Mynju og Magt; for
ein Engel kann ikkje vigje inn Kristi Lìkam
og Blod, og ikkje løyse og binde. Paven
„opnar Himilen, sender dei skyldige til Helvite,
grunnfester Rike, skipar heile Preste
skape“.
Lateran-Kyrkjemøte kalla Paven „Fyrste yvi Allheimen“, „Prest og Konge som alle Menneskje skal hylle, og som er Gud mykje lik“, „Løven av Juda Ættgrein“, „Davids Rot“, “den Frelsaren Gud hev uppreist", o. dl .
Ei katolsk „Kyrkjeleg Ordbok“ (av Ferrari) segjer um Paven: „slik ein Vyrdleike og slik ei Høgd hev han, at han er ikkje berre Menneskje, men Gud, aa kalle, og Guds Augnesyning; difor hev han ei trifeld Krune, for han er Konge yvi Himil, Jord, Hel. Han sìt paa det eine og same Domarsæte som Kristus. Han er, aa kalle, Gud paa Jordi; honom er Styre yvi det jordiske og himilske Rike yvigjevi.“ Ja det vert sagt, at Paven kann mot-