Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/38

Denne siden er korrekturlest


Men i det heile gjekk det som det alltid gjeng der Lygni og Sjølvhugen raar: med Tvangsvelde vaks Skrymtardomen; og den gamle Messiastrui kjende seg meir og meir framand i Kyrkja. Og vart framand med. Dei Jesus-Sveinane som her og der fanst brydde ingin seg um; dei fór stilt og gjorde smaae Krav, og vart lite aatgaadde.

Men Kyrkja vaks; og Mot-Messias vart meir og meir Heimsens Herre. So vaks daa og Kravi hans. Og Pavemagti, som var bygd paa aandeleg Grunn, vart ved dette den verste av alle Tvangsmagtir.

Ho vilde raade yvi heile Menneskja, Sjæline ikkje minst. No hadde ho ikkje mykje av Aandsmagt. Det var gjenom Kjensla og Hugleiken ho maatte vinne: med Undersogur paa den eine og Rikdom og Glans paa den andre Sida aga ho Mengdi, og dei meir framkomne drog ho og batt til seg med Fagerdom og Kunst: Byggverk, Bilætverk, Tonar, storlagde Kyrkjeskikkar o. a. Og med dette vann ho langt. Ho vann Mengdi baade uppe og nede.

Men dei aalvorsamt gudelege og dei tenkjande, dei som kravde Sanning fysst og fremst, deim fekk ho mindre Magt med. Og meir og meir skyna ho at dette var faarlegt. Skulde ho vera trygg for si Magt, laut ho vinne desse med, — eller vinne yvi deim.