Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/5

Denne siden er korrekturlest

til aa halde det serskilt fram (smf. „Jesus Messias“ S. 23); og um dei 6—8 Stadine der Jesus ved falske Skrivemaatar synest vera kalla Gud, tvert imot all jødisk og nytestamentleg Tenkjemaate, er der Upplysning aa faa hjaa Mennar som er meir lærde i desse Ting enn baade Hognestad og eg (sjaa „Jesus Messias“ S. 23, Merknaden). Skulde Hognestad kjenne Paulus-Ord, som gjorde alt dette til inkjes? — Men det var berre med det same at eg spurde so. Hognestad nemner inkje noko serskilt Paulusord; det han maa halde seg til er daa dei vanlege rangskrivne Stadine. Eg hadde mest ikkje tenkt at den ærlege Bondesonen fraa Hognestad i Thime-Sokno skulde ha vorti Teolog so heilt ut. Men med dei rette Faglærde er det paa Lag som med Trolli i Valdris-Segnine: dei er baade snilde og vituge; men i eit og anna serskilt Tilfelle viser det seg, at med all god Vilje „kann dei ikkje brjote Arti“. Me som ikkje er Teologar, me veit Aarstale daa Jesus vart Gud; og dette Aarstale kann me ikkje vride oss ifraa, um me aldri so gjerne „vilde“.

Men Soningslæra vil Hognestad hava Jesus med paa. Han hev ikkje anna aa halde seg til enn det Orde fraa 1 Tim. 2: 6 som er innsett i Mt. 20: 28 og Mk. 10: 45 (noko so nær ordrett) av ærlegt truande Pauluskristne som