Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/6

Denne siden er korrekturlest

fann, at denne vigtige Lærdomen enno ikkje var innførd — ved Gløymsle, kann-vita — i Sogubøkane. Hognestad synest bry seg mindre um Paulus her (sjaa 1 Kor. 15: 3, der det med reine Ord er sagt, at Paulus hev „mot-teki“ at „Kristus døydde for vaare Syndir“). Ein kann daa godt skyna, at han ikkje hev noko større Bruk for det som vert kalla Bibelkritik. Han held seg jamvel til „Spaadomane“ um at Jesus skal døy, men nemner, snpdigt nok, ikkje, at desse same Spaadomane talar um Uppstodo (smf. „Jesus messias“ S. 107 flg.)

At Tankane i „Jesus Messias“ ikkje er nye hev Hognestad æveleg Rett i. Det er tilmed ikkje berre tyske Teologar som hev „stræva med deim“ i „lenger (!) Tid“ (aak! kjære Peter Hognestad, norske Teologar burde vel ikkje tala i kald Tone um tyske Teologar?); — det er den eldste, den upphavlege, reint ut sagt den bibelske Messiaslære eg hev sett upp, so godt som eg kunde. Naar Hognestad spỳrr, kva „religiøs eller moralsk Vinning“ eg vil hava fram med dette, so viser han mill. a., at han aldri hev vori i den Sjælenaud som mange kjem inn i, naar dei trur at dei hev aa velja millom den teologiske Jesus og det teologiske Helvite. —

— Eg nemnde Helvite; lat meg med det same takke Peter Hognestad for di han i heile