Side:Garborg - Haugtussa.djvu/87

Denne siden er godkjent

Han stend og stirer still og kvit.
So hinkar han aat Sengi hit;
tungt dreg han eine Foten.

Av Rædsla nòmi ligg ho kald
og kjenner seg i Daudmanns Vald,
og Halsen inn seg snører.
Den daude med sin valne Arm
fùmlar seg inn aat strøypte Barm
og ved det Bein-Bròt rører.

«D’er mitt, d’er mitt,» han mullar haas;
«du braut den sterke Vigsle-Laas
og stal mi Kneskjel-Spilre;
kom att, kom att, legg Beine ned;
fyrr fær eg ikkje Kvile-Fred,
men maa som Dauding vildre.»

Han kverv; og smaatt ho vaknar or
og graatande hjaa Gamlemor
i Storeseng seg gøymer.
Til henne alt ho segja maa.
Daa finn ho Ro; daa ser ho Raad.
Og snart i Svevn ho drøymer.

Men ute Vinden strøymer.