Denne siden er godkjent
Snyltrarar, Snytarar, Rente-Iglar
og Tjuvar og Spekulantar.
Herrar som lìver paa Jord i Mak
av Armod som svelt og slit,
maa svide saart her i Svarteheimen,
der Angesten brenn og bit.
Og hardt maa dei Syndarar bøte
i djupe Helvit-Grunn,
som falska Mat for svoltin Mage
og Mjølk for Barnemunn.
Alle dei stygge Snyltredyr,
som livde av anna Folks Daude,
maa lide meir enn nokon veit
i Svaavelheimane aude.
Stygt dei spillte sin Livsdag
for Mammonsløni skral;
Sjæli gjordest eit Reknestykkje,
og Næsten vart eit Tal.
Stygt dei spillte sin Livsdag,
der i sitt Kav dei stunde;
Sjæli gjordest ei Kaupmannsbok,
og Næsten vart til Kunde.
*