Side:Garborg - I Helheim.djvu/151

Denne siden er godkjent

<poem>

Volva.
Seg di Sut,
Syndar; kvi græt du?
Klagesong.

Øle-Bit og Ormestyngir ille full’ svide kann; men eitrande arge Kvinnetunga er sjølve Helvites Brand.

Eiter av Øle og Skorpion brenner som beiske Lut; men stingande kvasse Kvinnetunga, den held me aldri ut.

Veslemøy.

Kva hev dei synda som lid den Skam, og kann ikkje for seg svara?

Systeri.

Dei vonde forgiftige Bladmenn er det, som her maa so ille fara.

Det var deira Ros og Ære, og den vart millom deim stor, <poem>