Denne siden er godkjent
Aldri er der
Dags Rand;
det er det tettaste
Tòku-Land.
Som Muskregn vaate
heng inn av Hav,
Kaldskodda gøymer
Lande av.
Som Regnslufs um Hausten
vinter-surt
Kaldskodda løyner
Lande burt.
*
Volva glid fram;
alt seg ter;
djupt gjenom Nivl-Natt
Veslemøy ser.
Illfysin er
den Rædsle-Stad;
den slafsar og renn
med Regn og Slad.
Skinnvengje-Skap,
Eiter-Kinglar,