Denne siden er godkjent
<poem>
- tvist[1] og stilt
- i Skodda vinglar.
- Likfugl flakjar
- med blaae Vengir;
- olme Udyr
- med Augo rengjer.
- Det kraumar og kravlar
- rundt i Ring
- med ult Kryp
- og ufysne Ting.
- Der kulsar kruksne
- dei dømde daude
- og vèd i Snøslaps
- med Føtar raude.
- Det renn og det driv;
- det sutlar og skvalar.
- For Veslemøy mildt
- Systeri talar:
- „Kaldt det er
- der me gjeng inn no;
- d’er Sjølvhugen hard
- som iser so.
- ↑ tvist: tyst.