Side:Garborg - I Helheim.djvu/164

Denne siden er godkjent


Systeri.

Den Dagen si Sjæl dei Dyre ofra,
til Velde aa vinne paa Jord.

Daa fekk dei av Dyre den Runemagt,
at Urett til Rett dei vende,
og raadde sidan med Velde villt
og tvinga og batt og bende.

Med Dyre-Hjelp under Drake-Vakt
dei trygge det Velde visste;
men Merke fekk dei i sine Skallar,
og Fred og Fridom dei misste.

Dyre maatte dei tena
og Dyre Truskap sverja
og lyde Dyre i smaatt og stort
og Magti aat Dyre verja.

Aat alt som Dyre elskar
dei reiste Støttur og Slott;
men Sanningsvitne og Guds Profetar
slog dei ihel med Spott.

Dei gjorde Urett som Dyre baud;
aat Magti letta dei Byrdi;