Side:Garborg - I Helheim.djvu/178

Denne siden er godkjent

Me tok forutan Skam
Stakkarens eine Lam;
og bar han Klage fram,
so laut han døy.

Me sveik den arme Mann
som ei seg verja kann
med veike Arm.
Han sleit og smaatt fekk att;
me Stein paa Byrdi batt
og saug med Toll og Skatt
hans Blod av Barm.

No Domen tung me ber
og gjeng i Skjemsla her
i Skodde-Land.
Du Dyr som tok vaar Fred,
Vaabøn me mot deg bed;
deg tvinge Lém Led
alt tyngre Band!

Dyre skvakkar
med tver Laatt:
„alt de tenkjer,
det veit eg godt.“

Dyre flirer
med Augne-Rengje: