Side:Garborg - I Helheim.djvu/190

Denne siden er godkjent

„etter Glede aa øyde
og Sjælefred.

Kann vondt dei faa gjort,
snøgt dei seg skundar,
glefser til
liksom galne Hundar.

Aat Jordi dei hastar;
der hev kvar ein
sitt Folk aa el e
og gjera Mein.

Der hev dei sit Vonde
Verk aa gjera;
men tidt dei sin kjerre
maa Bòd bera.“

Smaadjevlar svarte
der millom smett;
„d’er dei som for Hel-Herren
Ærend skvett.

Snøgge dei høpp
her til og fraa;
hev kvar sine Sjælir
aa fyri raa’.