Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/104

Denne siden er korrekturlest

segjar han er Messias, ein Konge[1].“ Dei var keisarvenlege i Dag; heller ein Keisar fraa Rom enn ein Konge fraa Nasaret! Pilatus skynar, at Saki heng ihop med serjødiske Tvistemaal og vil nauveleg hava noko med ho; helst hadde han vel vist ho fraa seg, som Ettermannen hans gjorde i eit anna sovori Tilfelle (Apg. 25: 9―21; 26: 30―32). Men berre reint Mjøl hev vel Pilatus ikkje havt i sin eigin Sekk (smf. Lk. 13: 1), og eit Klagemaal til Keisaren i ei Sak som vedkom ein „Israels-Konge“ kunde daa vera spelegt; nokon sterk Mann hev Pilatus ikkje vori. Han freistar aa blidke dei upp-arga Jødane, og forhøyrar Jesus. Men Jesus „svarar honom ikkje eit einaste Ord“, liksom han tegjer til sjølve Klagemaali (Mt. 27: 12, 14; Tanken er vel fraa Es. 53: 7). Pilatus kjem ingin Veg; og snart vaknar Rope paa Krossfesting. Kvar den Tanken er komin ifraa vert ingin Stad nemnt. Det skulde ikkje vera nokon levitisk Tanke; Krossfestingi var ein Villmanns-skikk innkomin fraa Afrika, Pining og Avliving i eitt, noko med det fælaste som Menneskjedyre nokon Gong hev funni paa. Men det som er visst er, at Prestane hev funni seg i Krossfestingsrope.

  1. Det um Skatten kann ein ingin Stad sjaa hev vori framme hjaa Øvstepresten; det er vel noko dei hev tenkt ut paa Vegen til Domhuse. (Samfør elles Sogo um Skattepeningen Mt. 22: 15.)