Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/128

Denne siden er korrekturlest

„innbyrdes“ (13: 34, 35; 15: 12, 17); det er Sekt-Tanken som arbeider sig fram, og det heller tydeleg[1].

Temple vert reinska (2: 13―16). Men i 4: 23 er den Tidi alt komi, daa ein korkje skal tilbeda Faderen i Jerusalem eller paa Garisim. Sjølve Messiasrike er komi burt. Jerusalem var falli, og Teikn til „dei siste Ting“ hadde ikkje vist seg; Messias-Trui taper sitt gamle Grunnlag og vert reit aandeleg. I Staden for „Rike“ vert „Live“ forkynt, og det ― i vanlege Johannesbok-Ordlag ― jamvel av Døyparen (3: 29―36). Jesus sjølv talar like eins Johannesbok-Maal for det meste. Han forkynner ikkje Guds Rike lenger; han talar um „Sanningi“, eit Ord fraa den græske Visdomslæra som Bokmeistaren hev visst vilde hava god Klang for halvgræske Jødar og for Hellenar. Um seg sjølv talar Jesus mest i 3die Person: „Sonen“; me ser av dette, at den som her skriv legg sine eigne Tankar fram. Og Sonen er fysst og fremst „den som vitnar um seg sjølv“ (8: 18; smf. 5: 31); han trættast med Jødane um sin eigin Metafysik, so ein reint gløymer at dette skulde vera Profeten fraa Nasaret. Bokmeistaren hev elles hugsa so mykje, at han ikkje læt Jesus brùka Ord fraa

  1. Smf. 17: 9, der han ikkje bed for Verdi men berre for „deim som du“ (Faderen) „hev gjevi meg“.