Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/13

Denne siden er korrekturlest

hev dei heime i Nasaret (1:26;2:4;4:!6), men vert drivne til Betlehem av eit Keisarbòd um Innskriving til Skatt. Kva ei Skatte-Innskriving skulde hava med Ættine aa gjera segjer ikkje Lukas; heller ikkje fær me vita kvi „Festarmøyi“ til Josef skulde fylgje med, og det endaa „i dei Dagane daa ho skulde føde“. —

— Jesus sjølv talar aldri um Barndomen eller Ungdomen sin; heller ikkje um Ætti; Guds Utsending til Folke hadde han etter Nairæar-Maate løyst seg fraa alt jordiskt Samanheng. Um Heimstaden sin hev han berre eitt Ord, og det eit strengt; og i Ætt reknar han seg berre med deim som gjer Viljen til hans Fader i Himlom (Mt. 12:46—50). Gud er den sanne Faderen til honom som til alle Brørane og Systrane hans; han er „min Fader og dekons Fader, min Gud og dekons Gud“ (Joh. 20:17).

Um Davidsætti talar Jesus berre ein Gong (Mt. 22:41 o. Tilv.). Naar David kallar Messias Herre, kor kann daa Messias vera Davids

    inkje noko med Nasaret aa gjera. Dei gamle Profetane hev ikkje vori berre til Gagn for Jesus-Sogo. Det er visst baade eitt og anna som er komi inn der berre til Stadfesting av meir og mindre rett eller djupt tydde Messias-Spaadomar.