Forklaringssogo gjev oss ein Skimt av den himilske Messiasglansen etter Rabbinlæra. Jesus vert umskapt for Augom paa Sveinane (dei tri som her fær vera med); Aasyni hans „skin som Soli“ („fær ein annan Svìp“, Lk.), og Klædi vert kvite „som Ljose“ („som Snjo“, Mk.; „som Ljone“ Lk.), og det kjem ei Røyst or Skyi som segjer: „denne er Son min som eg elskar (han som eg hev Hugnad i, Mt.); høyr honom!“ Desse Ordi, serleg det Tillegge som Mattæus hev, minner um Es. 42: 1; samfør 5 Mos. 18: 15: „ein Profet midt ut av Israel, ein som eg, skal Herren uppreise; honom skal de høyre!“ Og Moses og Elias, Grunnleggjaren og Nyreisaren fraa den gamle Israelstidi, syner seg og talar med Fullføraren fraa den nye. Etter Lukas er Emne for Samtala: „hans Burgang, som han skulde fullføre i Jerusalem“; ein skunar at Apostlane hev havt Stræv med aa faa den „Burtgangen“ til aa høve inn i det gamle Messiasbilæte; ein skynar og, at denne Sogo er innførd i Lukasboki etter at Sonings-Tanken var komin upp. Sveinane vert ovrædde; attaat er dei, her som i Getsemane, „Tyngde av Svevn“ (Lk. 9:32); Peter finn at „her er oss godt aa vera“; men han
det som er fortalt i Johannesboki. Hjaa Mattæus roser han Peter for Vedkjenningi hans; det veit dei andre inkje um.