Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/24

Denne siden er korrekturlest

vert nytta aalment um dei rettferdige (i Nytestamente med, soleis i Mt. 5: 9, 45, i Rom. 8: 14, 16, 17; 9: 26 og i Opb. 21: 7, der det stend „Sønir“ eller „Son“ i Grunnteksti, kor plent Kyrkjeumsetnaden held paa „Born“ og „Barn“), gjeld i Eintal mest alltid Messias; men heilt ut Menneskje er han like godt; den bibelske Gud hev ikkje Sønir med jordiske Kvende som Heidninggudane. For Raade vitnar Jesus sjølv klaart um si Messiashøgd (Mt. 26: 64; Mk. 14: 62; Lk. 22: 67—70[1]).

I Apostelgjerningar viser det seg, at Messiastrui hev klara sjølve Golgata-Skjere. Um Kvitsundagen fører Peter Orde for Apostlane. Han vitnar um Messiasrike etter Spaadomane fraa gamalt, og segjer um Jesus — „ein Mann som av Gud var utmerkt for dekon med veldige Gjerningar og Under og Teikn“ —, at „Gud hev gjrot honom til Herre og Messias“ (Apostelgjerningar 2: 22—36). I ei Tale i Salomons-Svalgangen i Temple segjer han det same: „Gud hev herleggjort sin Tenar Jesus“

    „Menneskjesonen“ bruka jamsides med „Mannasonen“ og „Kvinnesonen“ um Messias. Dei heldt fast paa det i Israel, at kor høgt Messias steig, so var han alltid heilt ut Menneskje (smf. Mt. 9: 8: Opinb. 22: 8,9); i honom skulde Menneskje naa si Høgd.

  1. I Johannesboki er Jesus baade Menneskjesonen, Sonon og Logos; sjaa lenger ut i Boki (St. IX).