Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/27

Denne siden er korrekturlest
III.
J

esus var komin til aa fyribu Messiasrike. Samstundes skulde Døyparen „brøyte Herren Veg“, eller like eins fyriby Messiasrike. Det hev vel vori dei tvo ulike Messiasdraumane som hev valda Ugreide her; den rette Messias skulde vera Konge, og laut daa hava ein Profet til aa brøyte Veg aat seg.

I Johannesboki møtest ikkje Jesus og Døyparen. Denne berre vitnar um Jesus: „midt imillom dekon stend han som dé ikkje kjenner.“ „Eg saag Anden fór ned som ei Duve fraa Himilen og vart verande yvi honom“, fortèl han. Dette Syne hev sidan millom Folke vorti til Hending; me hev her eit godt Døme paa korleis Undersogur kann koma upp.

Døyparen hev vori høgt vyrd; mande undrast jamvel paa um ikkje han var Messias. Og endaa so seint som i Apostergjerningar (18: 25; 19: 3) er der dei som berre veit um Johannesdaapen. Men Døyparen spaar um