Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/36

Denne siden er korrekturlest

Orde som og er komi inn hjaa Mattæus (13: 14&mdash15: „Hjarta i dette Folke hev vorti hardt“ o. s. fr.); og tridje Gongen lyser han ut, at no er Guds Frelse send til Heidningane (Apg. 28: 28). Men endaa er ikkje Meiningi den, at Jødane skal vera utestengde; ingin Israelit hadde kunne vera med paa ei sovori Lære. Naar „Fullnaden av Heidningane“ er komin inn, skal heile Israel verte frelst (Rom. 11: 25—26); alt skal verte „sameint i Kristus“, og Gud skal vera „alt i alle“ (Ef. 1: 10; 1 Kor. 15: 28). Det som Heidningapostlene so vandskeleg kann sleppe, er berre Fyssteretten for sitt eige Folk. Naar ein tenkjer seg inn i dette kann ein betre skyna Ord som Mt. 15: 24, 26.

Men um det serleg er dei burtkomne, Menneskjesonen skal finne og frelse: i det heile er han send til aa fyribu Gjenomføringi av Tilvære-Tanken, til aa grunnleggje det Gudsrike, som er Meiningi og Maale med det heile Skaparverk. Vyrdnad krev han for denne den største Gjerning som kunde verte ein skapt paalagd; Vyrdnad krev han og for den som av Gud er utvald til aa fyribu og sidan utføre denne Gjerningi.

Han er Menneskje (Mt. 9: 8; 19: 17; 24: 36; Mk. 13: 32; Joh. 5: 30; 8: 40; 12: 49; 14: 28). Men han er komin i sin Faders Namn, og søkjer ikkje sin eigin Vilje (Joh. 5: 30, 43).