Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/38

Denne siden er korrekturlest

eller Born eller Aakrar for mitt Namn Skuld, han skal faa det att hundra Gongir og erve æoniskt Liv“ (Mt. 10: 29). Og „i Atterfødingi, naar Menneskjesonen sìt paa sin Herlegdoms Kongsstol“, skal Sveinane like eins sitja paa Kongsstolar „og døme dei tolv Israels Ættir“.

Aa vera Jesu Svein var aa vera med i Arbeide for Messiasrike. Men dette Arbeide sèt serskilde Krav og gjev serskilde Vilkaar. Messiasrike skal vera Millombrøye millom den Verdi no er og det Himilrike som er Fullkomingi av det jordiske Tilvære (Opinb. 21: 1—4 O. Tilv.); men dette aalvorsame Millombrøyte, denne siste og fullkomne Yvivinning av alt det vonde, kann ikkje kome med Lempe og Logn. Alt gamalt maa verte øydt, øydt heilt ut, „brent“; nyskapast maa det. „Til aa kaste Eld paa Jordi er eg komin; og kor gjerne vilde eg at han alt var uppkveikt! (Mt. 10: 34; Lk. 12: 49; smf. Opinb. 20: 1—10). —

— I Live var Jesus Israelit, heilt ut og i alle Maatar. Han heldt seg til Lovi og til Temple og lagde Tempelskatt med all sin Fatigdom; Pengar til denne Skatten hev han vel berre i Segni funni so lett som det ver ut etter Mt. 17: 27. Det var vel so, at „Sønine var frie“; og den Dagen skulde koma faa Fridomen deira vart gjenomførd. Men so lengi den gamle Skipnaden stod ved Lag, so lengi hadde