Denne siden er korrekturlest
Um Teikn, Underverk, er mykje fortalt i Jesussogom.
Men attaat er der ei Fraasegn som tyder paa, at desse Undersogune er fraa ei seinare Tid. Alle fire Bøkane hev denne Fraasegni.
Jødane kjem til Jesus og krev Teikn; det hadde dei ikkje funni paa, um Undersogune hadde vori sanne. Jesus svarar nei til Krave deira; hadde Undersogune vori sanne so hadde han sagt: Teikn hev eg gjort; kvi trur dé ikkje? Men „inkje Teikn skal verte gjevi denne Ætti“, segjer han stutt og beint (Mk. 8: 12[1]). Hjaa Johannes (6: 30—33), der Jødane syntest vente eit Teikn av same Slage som Himilbrøde i 2 Mos. 16: 14, svarar han berre at han sjølv er Brøde fraa Himilen. Smf. Mt. 16: 1—4.
Men liksom Farisæarar og Skriftlærde i
- ↑ „— utan Profeten Jonas Teikn“, legg Mattæus (12, 39) og Lukas (11, 29) til; dette Tillegge er fraa den Tidi daa Trui paa Uppsòdo var uppkomi.