Denne siden er korrekturlest
10: 17); Andane, som elles andre Folk og kann drive ut, klarar dei likevel ikkje alltid (Mt. 17: 14[1]).
So lite framkomin som Helse-Vitskapen i den Tid var, hev alle som galdt for noko meir enn vanlegt, vorti søgte um Lækjingshjelp; det ser me og i Apostelgjerningar. Der vekkjer Peter jamvel ein daud (9: 36), liksom han i Stykke 5 tek Live av eit Par Menneskje med Orde sitt. Ja sjuke vart borne ut paa Gata, naar han eller Paulus var ventande; og fall berre Skuggen av ein av desse Gudsmennane paa ein sjuk, so friskna han (Apg. 5: 15; 19: 12[2]).
Underverk ved vond Hjelp synest Jesus ikkje aa hava tenkt seg (Mt. 12: 25 flg.; Tilvisn..). Trui gjer Verke. Og det trengst Tru hjaa Hjelpsøkjaren som hjaa Hjelparen. „Di
- ↑ At „Andar“ i like kunnige Tidir vert tekne for Upphav til Sjukdomar som Fang og sùme Slag av Hysteri kann me enno godt skỳna.
- ↑ Kor lett ein kann koma til aa vekkje daude naar Trui er sterk, ser me av Apg. 20: 9—11. Evtykus fell ned fraa eit Vindauga i 3die Høgdi og vert „tekin daud upp“; Paulus tek’n i Famnen og segjer: „staaka ikkje, for hans Sjæl er i honom.“ Og Mannen greider det. Hadde Paulus tagt, so hadde visst Apostelgj. 20: 11 no fortalt oss at Paulus den Gongen vakte Evtykus upp fra dei daude.