Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/46

Denne siden er korrekturlest

Orde um, at det alt tevjar av Like, gjer Meiningi med Sogo uhugeleg tydeleg: her skal daa ingin kunna tala um Dvaledaude! — Me skal og hugse, at Lasarus ikkje er nemnd i nokor av dei andre Sogune. Jamvel Lukas, som (10: 34) nemner Systrane hans skulde vera, veit inkje um ’n. Og endaa skal Lasarus etter Johannesboki vera ein serskilt god vén av baade Jesus og Sveinane; Tomas Tvilling ynskjer endaa beint fram at dei kunde „døy med honom“. —

Daudevekkjingssogune er i det heile seint uppkomne; etter Mk. 9: 10 veit Sveinane ikkje kva det er, dessmeir, aa „stande upp fraa dei daude“. Og ein Ting kann me lita paa: hadde Jesus nokon Gong vakt upp ein daud, so hadde dette vorti hugsa daa han sjølv laag i Gravi, eller daa visst den Morgonen daa Maria Magdalena kom til Sveinane og fortalde at han var uppstandin. Men det vert fleire Stadir beint fram sagt, at Jesus er den fysste som hev stadi upp; han er „Fysstemannen utav Oppsòdo fraa dei daude“ (Apg. 26: 23), „Fysstegrøda av dei som er avsovna“ (1 Kor. 15: 20), „den fysstefødde av dei daude“ (Opinb. 1: 5); dette kunde ikkje vori sagt soleis vilkaarsfritt, i Fall andre fyrr hadde vori uppstadne eller uppvakte „fraa dei daude“.