Meining. Ofte vil dei daa hava haldi fram slike Ord for Sveinar eller for Kyrkjelydar, naar Tidine var urolege; og det var Tidine jamt. Jesus-Ord um Forfylgjingar hev daaa ofte vori framme. I Bergpreika, som fraa fyssto hev vori tenkt som eit Samandrag av Jesu Forkynning, laut Trøysteord um Forfylgjingar daa visst vera med.
Sist paa lyser Jesus (hjaa Lukas) fire Gongir Usæl yvi dei rike og dei som i denne Heimsalderen hev det godt. Yvi desse fell den Domen, at dei „hev alt fengi si Trøyst“, fengi det gode dei kann vente. Eller dei skal sidan „hungre“, eller „syrgje og graate“, som det heiter um „dei velmetta“ og „dei som lær“[1]. Dei som fær god Umtale millom Folk fær vita at dei ikkje skal stole paa det; so gjekk det alltid med dei falske Profetane.
Usæl-Lysingane er burte hjaa Mattæus. Alt hev der vorti Sælprisingar; dei er 9 i Tale og uppsette mest som eit Kvad. Tankane hev og her vorti noko meir aandelege og aalmenne; det gjed dei fatige „i Anden“ (smf. Es. 57: 15), dei som hungrar og tysstar „etter Rettferd“ o. s. fr. Og i Staden for Tiltaleorde
- ↑ Smf. Sogo um den rike Mannan og Lasarus. Sjaa og Jakobs Brev 5: 1 flg. (der Apostelen dømer strengt um dei rike som forheld Løni for Arbeidarom sine); smf. 3 Mos. 19: 13; 5 Mos. 24: 14, 15; Job 24: 1—11.