ingin Jesus-Svein; og stasar han endaa med Jesu Namn, so er han ein Annanias eller ein Simon Trollmann.
Jesus fraa Nasaret hev meint det han sagde. Den som krev, at Syndaren skal ofre um det so var sitt høgre Auga eller si høgre Hand, um han ikkje paa annan Maate kann koma laus ifraa Syndi, han skjemtar ikkje. Vil me gjera Guds Vilje so kann me; det er Jesu Lære.
Det skal for lat eller halvt dyrevorin Vilje ikkje svært mykje til, fyrr det gode synest „umògelegt“; og den som trur at an ikkje kann gjera det gode, han kann ikkje; han kjem ikkje so langt at han aalvorsamt freistar med det dessmeir. Mande er late, og ikkje faae er halvville; i denne Heimsalderen kjem dei ikkje med. Kejm dei i det heile med, so vert dei millom „dei siste“ i Himilrike.
Det er faae som er utvalde til den høgste Æra: til aa vera Jesu Medarbeidarar her og hans Medstyrarar i Messiasrike (Mt. 19: 27—30 o. Tilvisn.; Lk. 12: 32, 42—44). Trong er den Porten som fører til Live; med Verdi paa Ryggen vinn ein ikkje inn gjenom den. So søkjer daa og dei fleste den Vegen som er breid og den Porten som er vid, um denne Porten og Vegen aldri so mykje fører til Undergang[1].
- ↑ Det græske apoleia (i N. T. umsett med „Fortjoning“ — „Fortabelse“, „Fordærvelse“) kjem av Segne-