Denne siden er korrekturlest
Eimen av Blod og i Røyken av Baal hev han vaksi og etter kvart fengi Livskraft.
Ord som „æonisk Eld“ er komne inn alt i Nytestamente; og etter Opb. 14: 11 og 20: 10 skal Djevelen og Tenarane hans beintfram verte pinte „i alle Ævur“ (Skaldeorde fraa Grunnteksti: eis aiōnas aiōnōn læt seg vel elles best fornorske med: i Ævords Ævur).
Det græske aiōn (gamalt aivōn = lat. ævum) er vaart „Æve“ og tyder: Lìvetid, Alder, og so i det heile Æve; lang Tid[1]; i N. T. er Orde ofte bruka um Heimsalder. Av aiōn er laga aiōnios: æveleg, som varer ei Æve; Orde vert bruka um lang Tid utan faste Grensur; „fraa æoniske Tidir“ (Rom. 16: 25 o. fl. St.) er: fraa dei fysste Tidom; fraa Upphave; fraa Verdi vart til[2]. I „alle Ævur“
- ↑ I Mt. 21: 19 vert Orde jamvel brùka um eit Fiketré: „heretter skal det ikkje vekse Alde paa deg i all Æve“ (eis ton aiona) d. e. i all di Tid.
- ↑ Kyrkjebibelen umsèt aiōnstundom med „Tid“, stundom med „Verdi“, stundom med „Æva“, som daa skal vera den tidlause Eedeløysa me ikkje kann gjera oss Tanke um. Aionos vert umsett med „æveleg“ („evig“) jamt, endaa naar Grunnteksti ingin Tidtanke legg i Orde (som i Joh. 17: 3).
Men Kyrkjebibelen hev ymist rart — han lyt tenkje paa Kyrkjelæra fullt so mykje som paa Jesu Lære —, so at kor det kan vera med Grunnteksti eller ei: Umskrifti er ikkje „inspirera“.