Jesus (eldre Formir: Josva, Jehoschua, ɔ: Gud er Frelsar) hev ikkje vori noko vanlegt Namn i Jødeland; i Nytestamente finst det umframt Nasaræaren berre ein som heiter so (Kol. 4:11).
Jesus Messias var fraa Nasaret. Um Ætti og Barndomen hans er lite fortalt.
Det eldste og mest litande er vel det som etter Mattæus (13:55,56) og Markus (6:3; smf. Joh. 6:42) vert sagt millom Folke i Nasaret, daa Jesus fysste Gongen tala der: „Er ikkje dette (Son til) Timbermannen? Heiter ikkje Mor hans Maria, og Brørane hans Jakob og Joses og Simon og Juda? Og er ikkje alle Systrane hans hjaa oss?“ Fødestaden er etter Mattæus og Lukas Betlehem; dei tvo andre veit ikkje um annan Heimstad for Jesus enn Nasaret.
Um Fødsla og Barndomen fortèl berre Mattæus og Lukas noko serskilt. Og dei fortèl kvar sitt.