Side:Han Per og ho Bergit.djvu/9

Denne siden er godkjent

kunde nog vera Gaman og fyre ein Gongs Skuld — men eg fær vel halda meg.“ „Du skal inkje vera for kaut helder. Far min er sterk, han.“ „So vil eg freista,“ sagde Per, smøygde Trøya uppyver Armen, og saag paa honom. „Ja du vaagar at koma,“ ropad Bergit lægjande og hotad med Hondi —, „eg jagar deg av.“ „Det kann du inkje,“ sagde Per, tok Hondi hennar og sto fast med den andre. „So stengjer eg Døri.“ „Eg stend utanfyre.“ „So tek eg Klokkaren.“ „Aa nei, eg lyt nog vera heima imorgon lel,“ sagde Per og slepte Hondi, — „det var inkje Aalvoret mitt helder.“ So svallad dei daa um eit og annat. Men rett som det var, spratt han Per upp, log so det song i honom og slo seg paa Læret: „Nei du segjer nokot, nei kunde eg gjera det Bergit, eg skulde skratta slikt, at dei kom at høyra det paa hi Sida.“ „Kvat er det daa,“ sagde Bergit, ho maatte lægja med, anten ho vilde elder inkje.“ „Um eg no fekk Klokkaren til at ganga paa Friing imorgon, so fekk han seg litet Juling, maa vita.“ „Er du reint spikande galen? korleides skulde det ganga til?“ „Eg lyt hitta paa eitkvart Slag, ser du, — nei kor han skulde spræla, — han heve ein Gong sleget Far min, so Eret stend etter, den Skarven, men eg torer inkje handtaka honom, sidan han stend so høgt i Bygdi, — nei kunde eg berre“ — — — — Meir fekk inkje Per sagt, for i det same høyrde dei eit, som ropad paa Bergit. Det var Kari, som stod i Døri. Daa ho inkje saag henne nokonstad, tok ho Vegen ned til Fjoset. „Nei, Gud betre meg,“ ropad Bergit og spratt upp, „eg heve reint gløymt Grauten.“ Og ho paa Laup nedetter. „Høyr her Bergit!“ ropad Per og fylgde etter, „du veit no vel, at eg heve lagt meg til godes somyket, at