Side:Historisk Tidsskrift (Norway), femte rekke, femte bind (1924).djvu/468

Denne siden er ikke korrekturlest
462
KNUT LIESTØL.

som fornærmar bonden, og bonden som slær storkaren i hel og gjeng til grannen og fær honom med, dei gjeng so til næste mann, og soleis held dei på, til det vert ein ovleg stor her, og dei vinn på øvrigheiti. Båe stadene er det tale um ein by dei kjem til og um ei kyrkje i denne byen.

At Hune-namnet hev vore med i denne formi av den norske segni, ser ein av den ting at ho er heimfest til Hunemo i Gjøvdal. Hunemo-namnet hev soge forteljingi til seg, sameleis som Hunna by hev gjort det i Småland i Sverike, og sameleis som t. d. Hagbard-segni hev vorte knytt til ei rekkje stader med namnet Sigarsvoll eller Sigarsstad.

I Hunemo-versionen er Roma kyrkja umbytt med kyrkja i Arendal. Etter reformasjonen stod ikkje Roma so sterkt i forgrunnen som fyrr, og Nedenes innmed Arendal var den staden der robyggene fann storkarane. Det var dit dei sette kosen i 1541.

Etter dette skynar me betre ordi »en hune herre« i Stig Bagges brev. Anten må det vera huneherre, føraren for hunane, og det svarar då til det svenske Hunesmed eller Hunne. Eller må det vera – og det er vel det upphavlege – hunehere, d. v. s. huneheren. Ordet her er i Robyggjelaget hokyn, og det heiter herè (hæræ) i bundi form i fleire bygder. Dette hev so Stig Bagge mishøyrt eller mistydt, so han hev gjort det til »herre«.


Kvar er so ordet huneher i all denne tradisjonen kome frå?

Det er fyrr nemnt at etter vanlegt målbruk skulde ein i ordet huneher venta at i fyrste samansetningsleden var gøymt namnet på dei folki som var med. Det ligg då nærast å tenkja på folke-ætti hunar. Og no møter me