gong på gong tradisjonen um ein ovstor hune-her i alle dei nordiske landi i millomalderen.
Saxo fortel i si store Frodesaga at kong Frode hadde teke dotter av hune-kongen Hun til viv; men ho var honom utru, og so jaga han henne burt. Det vart då ufred med hune-kongen. Huneheren var so umåteleg stor at Frode veik undan det fyrste. Hunane drog gjenom øydemarker, og der kom det til å skorta den store folkesvarmen på mat, so at heile heren til slutt vart spreidd og øydelagd av svolten. Seinare rusta Hun ut ein ny her, og det kom då til slag med Frode. Etter eit udømelegt mannespille fall Hun, og Frode vann ein stor siger[1].
Chronicon Erici Regis fortel: »Contra hunc Frothi venit Rex Hunorum cum aliis LXIX. Regibus, qvi ex se VI. Reges fecerant duces belli. Qvorum qvilibet habuit sub se 5000. navium, & qvælibet navis habebat CCC. armatos. Summn navium XXX. millia. Summa virorum novies mille millia hominum. Hos omnes occidit Frothi, pugnans cum eis in mari juxta Bleking«[2].
I Diarium Minoritarum Wisbyensium frå fyrstningi av 13de hdr. finn ein: »Anno Domini Sexcentesimo LXXXVI, Longobardi exiuerunt Daciam et fuerunt pro majore parte Jutones. Fames pervalida ad hoc ipsos compulit sicud et Hunos de Swecia«[3].
»Ett fornsvenskt legendarium« hev eit stykke um Huneheren i kap. CXX Om Marcianus kejsare: »Vm then thima war wældugher huna hær wt komin aff karelom thera konunger thrugadhe rom til skaat sex thusandh pund gul. vm sex. aar: til theodosius gaff sina systor hælagha marciano han wmstridde huna hær mz gøtha hiælp .... Vm thæn thima: wan thidrik bærn gøtha