Side:Ivar Aasen - Norske Ordsprog.djvu/36

Denne siden er korrekturlest


Han dett ikkje ned, som sit i laagt Saete. (Vald.).
Det dett ikkje alt, som glett. — D’er Skil paa etta og gletta. (ɔ: glide).

djup. Det vil ikkje vera djupt, der Kraaka skal vada.
Ein kjem ikkje djupare en aat Botnen.

Dom. Det maa vera god Dom, som alle skal vera nøgde med. El. —som ingen skal anka paa.
Ein rang Dom feller Domaren sjølv.
Den same Domen, som ein legg paa andre, fær ein leggja paa seg sjølv.

Dotter. Ein kann ikkje baade gista Dotter si burt og hava henne heime.
Dotteri gjeng i Moer-sin Serk, og Sonen gjerer Faer-sitt Verk. (Leem’s Optegnelser).
Den som vil hava Dotteri, fær tala vænt med Moderi.

draga. Den som myket skal draga, fær ikkje fara sort.
Det er lett aa draga, som løyp av sjølvo seg.
Det nye dreg, og det gamle held atter. (ɔ: Det nye kan om tillokkende, men det gamle holder fast).

Draum.
Ein god Draum er snart gløymd.
Draum og drukken Manns Ord er like.
Draumen er som Straumen (stundom mot og stundom med).

Drav. Den som legg seg i Dravet, verd upp-eten av Svinom.

Dreng. Den som ikkje heve Dreng, fær tena seg sjølv.
Ein god Dreng verd ein god Husbonde.
Ein god Dreng skal ein maatelege driva.

drikka. D’er illt aa drikka, som illa er bryggjat.
Ein drikk so godt av smaa Bekkjer som av store.
Di lenger ein drikk, di meir ein tyrster.
Ein Drikkar føder seg, men ein upp-etar aldri. Hall. (Sögnir S. 85). Imidlertid hedder det ogsaa: Det verd Mann av ein Etar, men aldri av ein Drikkar. (Ryf. Trondh.).

Drope (o’). Ein Drope er ingen Drykk.
Den eine Dropen dreg den andre etter seg.