Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/101

Denne siden er ikke korrekturlest
– 89 –

Kare ivegen og vilde freiste fakle han, eingong, og døm fekk enda me se ein Halvbror hans, for at han snart kunde faa han Tjøstol te aa gjeva se me Godt og Go’o. Da døm kom uppi Grinningsdal’n, va de snøggt gjort aa finne Hytta hans og da døm kom saa nære, saag døm, at de va Glas-Hol paa eine Veggje og ei Luke i Dør’n; fram-me Dør’n hekk de tvæ blo’ote Rupo. Detta va ikje naagaa godt Merkje og døm tordes ikje gaa paa hell kaamaa midt for Dør hell Glas-Hol. Men Halvbror hans vilde vaage se inn han; di andre raadde han fraa og sa, de va ikje aa lite paa. „Aa oss ha vore saa go Venne stødt eg og han Tjøstol, Bror, at han skjyt ikje meg,“ sa han og gjekk fram-te mot Dør’n. Da han ha gaatt nogre Føt small de, og Guten datt dou ne-paa Fjelle. No tordes ikje di andre gjera meir ’taa di og saales saa greidde han Tjøstol se, denne Gongen, ou.

Men han tykte no de va vissast for se aa fløtja Rum og dime sette han ivi Valdersflye og kom burti Valders. Der fekk han Skreddar-Arbei’ hjaa Le’smanne i Oustre Slidre og va der paa Garde i mange Viku. Han va go Skreddar og heldt se baade sømle og snodig, saa Le’smann likte han væl.

Nei, saa va de ein Dag Le’smann fekk eit Brev; han brout de og gjekk att-og-fram paa Golve og las de i Stugun, der han Tjøstol sat paa Borde og arbeidde. De saag ut te, at Le’smann vart hand-fallin paa de, som i Breve sto, og rett som de va kasta han eit kvast Ouga paa han Tjøstol, imillom. Detta saag han Tjøstol og førr Le’smann ha fare Breve igjønom foor han Tjøstol ut igjønom Glase, saa Rutunn singla. Og Le’smann sto att der som Turu sleikt me Breve i Haann, for no, da han Tjøstol ha faatt Verde og Vidde for se att, va han nok ikje grei aa taakaa att.

Kaar han Tjøstol no lennda for de fyste er okjenndt, men te Slutt skulde han kaamaa ne-i Fjordann; der stal han og rana paa saamaa Visen og att-paa han ha me Voll og Magt tikji eit Kvinnfolk, han ha me se. Saa va de ein Dag, han ha stole ein Baat og rodt døm ivi ein Fjord og sett se ut-ve Stronnde aa kvile i Sol-Skjene. Best de va rann Sømn paa han Tjøstol og i saamaa Stonn skout Jenta Baaten ut og sette paa Fjord’n. Han Tjøstol sette ette og fekk att-i Baat-Barde me eine Haann, men