Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/103

Denne siden er ikke korrekturlest
– 91 –

Da de vart kaldt um Neet’n reiste han ne-i Romsdal’n og var i Arbei’ paa ein Gard heile Vinter’n og Vaar’n, te Vaaronne va gjord. Førr han rymde ne-i Romsdal’n ha ein yngre Bror hans, Kristen heitte han, kjøpt eit Pass hjaa ein Tenestgut i Veggjem som heitte Sjugur Jehansson, og me di Namne kalla han se baade i Romsdale og andre Stelle, han va. Ette Vaaronne i 1751 bar de te aa bli Sporna ette ein Gjevaarning[1] som va rymd, og da tordes ikje han Tjøstol vera lenger i Romsdale, han tok Vegen heim att og heldt se i 8 Viku uppi Tjøstol-Hole att. Denne Gongen va han elles ikje saa var um se, og fleire ’taa Grannom aat Foreldrom hans saag han nogre Gongo i Kleiven, raaka han i Skogje og uppi Fjelle. Folk visste saales um, at han Tjøstol va i Grend’n men døm gjorde ikje naagaa for aa fakle han og hell-ikje er de likt te, at han gjorde naagaa Gale. Paa Houst-Lei’e er han saa tikji paa Vidde att, kaar de no va; Far hans fortalde ein Mann paa Lalm i godt Trumaal[2], at han fylgde ’om Tjøstol paa Lærdalsøyre og der steig han paa ei Jægt som segla aat Bern. Sjøl fortalde han, at han va i Arbei’ i Valders hjaa ein Mann heitte Iva Asgrimson Oppdal, dette er helst de rette. Men her kom de ou Ette-Ly’ing ette di rymde Gjevaarningje og difor tok han ivi Fjelle att sist i Skuronn, da va de han bygde Hytta i Grinningsdals-Kampe.

Denne Hytta mura han ’taa Stein; Tak-Aase, Tro’[3] og Næver tok han i Grinningsdals-Sætrom og den Amboe, han trongde, Økse og Grev, Høvl og Sag, Gryto og Fat, fann han Nøgde ’taa, somt i Grasviken og somt i Grinningsdals-Sætrom. I Grasviken tok han Mjøl, Brø’, 212 Skjør-Ost[4], Kjøt og Flesk og naagaa Fisk i ei Bytte; i Grinningsdale tok han 2 Ryo og 1 Aaklæ’ og da Skone hans va sol-slitne, tok han einn Sela i Kvarbergs-Sæter’n og einn i Helle-Sæter’n, skar døm sonn og lappa Skone sine me. Saa brout han se inn-i Valbjørs-Noustre, drog ut Baaten og tok Gaan og fiska me paa Vatne; i Svea-Sæter’n, i Stuttgongen, tok han 1 Rifle me Krut og Kulo, Fisk, Kjøt og

  1. Gjevaarning: „gevorben“, leigd, kverva Sylater.
  2. godt Trumaal: „i fuld Fortrolighed“.
  3. Tro’: Tak-Fjølinn som Nævre og Torve ligg paa.
  4. Skjør-Ost: Gomol-Ost, som enno ikje er gjord nokk.