Flesk og ei Steikje-Hanne. Da han fekk Hytta ferdog, vanta de Glas og saa gjekk han sø-i Nysætrinn, skout sonn Laase paa Sels-Dørn i Haggro-Sæter’n og tok utu eit Glas me 6 Ruto i.
Vitne i Straff-Saken hans Tjøstol fortel saales. Paa-Lag Otte-Daagaa firi Helgumess[1] spordes de heim-i Bygde, at de va stole paa Sætrom. 8 Kare tok da te-fjells og skulde freiste faa gripi Tjuven. Fraa Stuttgongen ha døm Ferde[2] ette ’om like uppi Hytta hans, og da døm fekk sjaa ho, gjekk døm og taalaas ve, kaales døm skulde bera se aat. Døm tordes ikje helde se midt for Glase hell for Dørn, men døm gjekk innaat Hyttun fraa bakan-te og ein ’taa døm gjekk enda uppaa Take. Best de va smell de inne og ein ’taa Karom, han Jo Dovre, stupte dou, saa han ikje røyvde ein Le’ meir, han berre opna Ougo tvo Gongo. Skote køm gjønom Glase og han Jo ha kome te gaatt saa langt fraa Hyttun, at han Tjøstol fekk han berr. Alle sjoug som att va, tok Sprange og tordes ikje gaa paa han ette desse, men tok te-bygda me di saamaa og let han Jo Dovre liggje att. Dette va ein Tyrsdag, Lourda’n sette 10 Kare me 4 Heste te-fjells att – da va han Tjøstol strokje sin Veg, men han Jo Dovre laag paa saamaa Flekkje. No foor døm over Hytta hans; ho va ein Famn paa kaar Vegg me ein liten Skaarstein i eine Ro’n og ei Seng paa ein ’taa Veggjom. I ei Mat-Bu han ha mura upp for se sjøl, fann døm att 1 Tynne Mjøl, 11⁄2 Vog Flatbrø’, Kjøt og Flesk, Fisk, Smør og Ost.
For Rette sto han Tjøstol te alle sine Miss-Gjerde, men han sa, at han angra paa, han kom te aa skjote han Jo Dovre. Da Karann va reiste sin Veg fraa Hyttun hans, sette han burt-ivi Fjelle og sta’na ikje førr han kom aat Lærdal og han va tri Neet paa Vegje, førr han naadde Maristugun paa Filefjell. I Lærdal vart han i tri Viku hjaa ein Post-Bonde, Jon Herager, da kom Le’smann, han Ola Kvamme, me fem-seks Kare og tok han.
Han Tjuv-Tjøstol vart dømt te aa misse Live og vart retta i 1755; Far hans, som ha dølt me ’om og den Tenestguten, som