Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/114

Denne siden er ikke korrekturlest
– 102 –

tup me di saamaa døm ha faatt han me se, kom ei Skrin og sopte Huse av. Jordvegen i alle tri Garde vart saa ille te-reidd, at ingen kunde tru, at de vart buandes Folk der meir – heile Jorde laag i eitt Rot me Stein og Oru’ning og de va ikje eitt grønt Straa att. Han Anders Bjønnsta ha staa-ande 600 Riksdale i søre Garde og ette Offsa kom Mann og bou ’om Gard’n for Skulde. „Aa nei,“ sa han Anders, „du maa ikje sleppe saa reint Tru’n; um nogre Aar ska du sjaa de grønskas te att og eg vil førr taapaa Penningann mine.“ I di millomste Garde fødde døm go’e tjuge Mjolkekjy firi Skriuom, men i fyste Aarom ette kunde døm ikje ha meir hell tvæ.

Sørli’e va den Gongen berre einn Gard og de ein lugum vælbygd Gard; de laag ein Voll saa jemn og vakker ne’st i Jorde, at han va helde for de gjilldaste Jord-Stykkjy i Ottdale. Skriunn kom og knøsja ihop alle Huse og la Urd og Stein og Øyr ivi heile Voll’n, heile Garden vart saa ne-grynnt, at han alder bli lik se meir. I Sørli’n misste døm alle Krytyre sine; for mange og tjuge Aar sia’ brout døm upp-att di gamle Hustoftinn og da fann døm Beinrangle ’taa Bjøllku’n. Bjølla laag reint heil, men ho va upp-morkjin midt igjønom; eit Sylv-Stoup fann døm ou, saamaa Gongen.

Ei’e va ein vakker Gard og døm fødde 18 Nout der, Aar um anna. No tok Skriunn Huse og Jordvegen vart klaare Olennde; sia’ va Gard’n, te di siste Aare, ei Ut-Vinne[1] onde ein ’taa Lalms-Gardom.

Øverli’e ska vera ein ’taa di Gardom, som fyst vart rødd og bygt i Ottdale. De kom ein Skog-Gangs-Mann faaraande synnan-te Ottdals-Fjelle og da han naadde te aa sjaa ne-i Dal’n, saag han de lyste paa ei Glenne i Skogje, upp for Eidsfosse. De va Lia-Ruste og den Flekken tykte han saa væl um, at han bygde se Stugu der; de skulde vera fyste Stugo i Ottdale. Mann heitte Loe[2] og de Namne heldt se paa Garde te meir hell einn Manns-Alder ette Slagje i Kringom. No va Li’e ein lugum og vælbygd Gard vorte, men i Offsa tok Skriunn Huse og øyrde ne

  1. Ut-Vinne: Bruk onde ein Gard som er nytta berre te Fo’ring (Vinne).
  2. Loe, utt. Laae, Manns-Namne Lodin.