saamaa oveta[1] han Jehans og fall aat Maarken saa han visste ikje meir ’taa se paa lengje.
Men heime paa Sonde ha Folke samla se fyst i Gamel-Stugun, men da døm saag Gamlinn va burte, vart døm saa orolege, at døm gjekk ut paa Gard’n att, allesamen, og tok me se Vogga minste Baane, ho Vetl-Ragnhil, laag og sov i. Mea’ døm sto saales, kom Skrio og tok Huse, saa berre den store Stugo sto att, og alle vart saa fraa se ’taa Redd-Aagaa, at døm haatta korkje eitt hell anna. Da va de eitt som ropte, døm trudde helst de va Gamla: „uppaa Høgstuga! tess nerar Vorherre, tessbe’re, han kann enno berge oss!“ Og saa tok døm Vogga me se og skonda se uppi treja Høgde, saa svinnt døm orka alle, nie paa Tale, va døm. Da døm va væl uppaa Stugo komne, kjøm treija Skrio rasande og di store Steinann, som rulla firi Jord-Mokkun, knøsja ihop baae di nere Høgdinn paa Stugun men øvre Høggde datt ende ne og vart staaande heil og halde paa Toften. Og Folkje bergast forutta naagaa Mein aa kalle, men da døm skulde sjaa te, va Vogga og ho Vetl-Ragnhil burte! Alle ut, reint fraa se sjølve, og te aa leite ette Baane, som døm no tenkte va ne-grave i Skriun. Da fekk døm sjaa Vogga laag flout i Elvbredden i di store Yvjun utta Gard’n og i Voggun laag ho Vetl-Ragnhil, heil og oskadd, og sov saa role, som ho skulde liggji paa Fangje aat Mor sine! Vogga hekk millom tvo Timber-stokke og tett fram-me fann døm ein Grout-Ember som Brur-Krona paa Garde laag gjøymt i; da ho Vetl-Ragnhil sia’, som vakse Jente, vart gjift aat Helle, fekk ho Brur-Krona me se me Heima-Fylgden.
Paa Kloness og i Stronn-Gardom vart Jordvegjenn fælt øy’lagd og summe ’taa Husom ljøp av, i Ringnesse gjekk baade Hus og Jord og Menneskjo misste Live. Di tvo nørste Storviksgardann tok stor Ska’e og i Me’garde gjekk de te ei Dotter. Saales va de forr-ende: ikje ein Gard nor-me Vaagaa-Vatne slapp ska’es-lous.
I Moom og Finntryun va de Finna som va verst. Finnbrustugo, Jutstugo og Klukkar-Gard’n øyrde ho av fyste Offs-Dagen; saa bar ho te aa peike beint paa Kjørkja. „Finna-
- ↑ oveta: fall i Ovet.