Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/120

Denne siden er ikke korrekturlest
– 108 –

Øykjinn gjekk lite fraa ein-a’an og Skrio gjekk aat midt imillom døm – da fyst stupte den store Gronne aat Maarken, saa Kongle og Kvist spratt um Øyro paa Øykjom. Men da forda Gutann se avsta’ de snøggaste døm kunna. „Du gløyme Øks’n dine inn-paa Sagen!“ ropte han Torgjer. Han Per snerta se sta’ ette henne, men i di saamaa han steig ne ’taa Sagbryggjun, flout heile Sagje upp og rakte ut-i Sjoe. Ho sto heil og haldin ei lang Stonn og rakte midt i Elven; best de va kvank[1] de saa illt i Sagbla’e, Sagje seig ne me eine Enda og saa rosste de heile ihop. Di tvo Brørann tok upp-igjønom Kjeks-Li’e, for slik som Sjoe ha vorte no, visste døm, at alle Brue lout vera strokne, saa dom ikje slopp heim att forutta Baat. Døm foor beint aat Mug-Vatne og Dagen ette kom døm kjørande te-bygda att me Baat.

Paa Ekre va de tvo Jento, som gjekk over Ekk’r-Brue for aa jaagaa heim te-gards Drykkjekalvann fraa Ekk’r-Øygarde i Baksi’un. Paa di vetle Stonn døm va burte, ha Elve vukse saa mykjy, at Far-Ve’n paa Bru’n laag og huska i Vatne, da døm skulde over att. Døm vaagaa se aat lell, men da den Jenta, som gjekk ettast, steig ’taa siste Far-Ve’-Skji’un, strouk Brue! Folke paa Ekre fløtte ’taa Garde, for Skriunn bar te loupe ne paa baae Si’o aat Garde; døm heldt se nord-paa Stor-Hougje, døm kalla, og der sanka de se mykjy Folk fraa fleire Heime i Grend’n. Nettup me saamaa døm gjekk ’taa Garde, kom de ei Skriu som tok me se Ve’a-Skaalin og naadde att-i den Jenta, som heldt paa aa skulde vorte me, da Brue strouk. Skrio førde ho me se eit lite Stykkjy, men da va de ein ’taa Karom, som fekk Tak i ei Maasaa-Rive, som laag der, og me henna fekk han att-i Stakken paa Jentun og berga ho. Nord-i Stor-Hougje va Folk trygge, men der va ingen forr-godt aa vera – Regne ouste ne heile Ti’e, Sjoe tura og søgde, Skriunn daanaa paa alle Lei’e og Tora slo saa Høinn skolv. De va me ei ell-gomol Kjering nord-i Hougje og ho tykte, de høyrdes ut te, aa vilja gaa te-grunns me Allt: „seg berre, denne store Høe kjem rønjande ne-ivi oss!“ sa ho.

Paa Sell va de ikje be’re der, hell andre Sta’ann i Bygden, Skrium gjekk og Laagen øyrde ut og reiv sonnt og paa Nord-

  1. kvank, aa kvinke: kvein, pipte.