I di Ti’om Knutsson livde vanta de ikje Elg i Skogom her i Bygden og hann, som va Heidøl, ha no heile Murudal’n aa gaa paa og de va no ingen a’an Sta’n Elgen va saa mykjy som der. Og Knutsson va Gut, som la aat mangein gjild Brande[1], saa han va namnspord ivi heile Bygde for Els-Vei’ingje si. Lengje ha han ei kvit Bikkje, som va saa framifraa paa Elgen, ho ha mest Vet som ei Menneskje, sa døm. Denna Bikkja fylgde ’om kaar han foor antell de va i Fjell hell Fyru og døm kunde ikje skjiljas, Knutsson og den kvite Bikja hans. Vinters-Ti’ naar de va oført i Liom og Snjogen vilde forr-setja Bikkja, va ho te-rei’e, trast ho saag de hella onda, aa stige paa baka’-paa Skji’n aat Knutssone, steig uppaa me Bak-Labbom og la Fram-Labbann uppaa Eksel’n hans. Og saales fylgde ho me ’om i di verste Obrøytun.
Han gjorde eit fælt Varp ve Nybrue, Knutsson, eingong; han raakaa tri store Brande paa Moe synna Sjoe, midt for Nybru’n. Han fekk ikje Skot paa døm, men han slepte Bikkja lous og dime bar de sø-over Murudal’n. Sjøl la han se i Skot-Maal der, han jaagaa døm upp, for han visste, at Bikkja gav se ikje
- ↑ Brande: El’sukse.