Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/126

Denne siden er ikke korrekturlest
– 114 –


De va alder godt imillom desse tvo Kleppe-Brørom ette de lei’ saa langt, at han Tjøstol fekk Gard’n; de kan hende, han Ola tykte, de fall i mindste Lage te Arv paa se ou, og saa va no han Tjøstol ein grov Hardhouse, som vilde baade gjera de, han sjøl vilde og seja de, som forr ’om kom. Aa setja se upp imot ’om, va alder bjoande te, for disom han vart sinnt aatte han korkje Vet hell Aagaa, og de ha sagte han Ola vore ute for, maa’ta. Kaarles de va, saa ha han no misst all Go-Hog for ’om Tjøstol og difor nemnde han ’om alder me anna Namn hell „Styggemenneskja“. Men mea’ døm va reint i Ongdomme baae tvo, kunde døm følgjast i Reinsfjelle summe Gongo og de er ikje sport, at de da va naagaa obytt imillom døm.

Døm fylgdes nord-me Russvatne Eingong og ein Dag skout døm tvo vaksne Bukke og ein Kalv. Døm ha staa-ande Baaten langt nord-me Vatne og no vilde døm bera Reinsdyre, slike døm va, utu Fjelle og ne-i Baaten, saa fekk døm flaa og lema sonn sø-i Bu’n ve Osen. De va eit drugt Stykkjy ne-aat Baate og de vilde nok bli kjei’e Børde, men da døm ha faatt kaar sin Bukk paa Ekseln, sa han Tjøstol: „ska han liggje att, denna Jongjin, no, da?!“ Nei, dime faataa han Kalven og fekk sløngt hann uppaa se, ou, og bar baade Bukken og Kalven ne-i Baaten. Ein a’an Gong skout døm ein avraa’e stor Bukk i Fjelle trast nora-aat Bessvatne og der va de ikje annor Lei’ aa faaraa, hell upp Besseggen og sø-over Vetlfjelle. Men i Sta’n for aa flaa Bukken og byte Kjøte imillom døm, tok han Tjøstol han paa Nakkjin, heil og heldin som han va, og let han Ola gaa firi me Rifflom deres – sjøl rugga han upp-ette kvasse Eggje me di store Bukkje paa Ekslom! Han vart nok varm onde Børd’n, lell, Tjøstol-Guten, da han kom upp-igjønom Eggen eit Stykkjy; han taalaa um denna Ferde deres han Ola, summe Gongo, og da sa han stødt: „eg ha ikje tykt Synd i Styggemenneskjun meir hell einn Gong og de va, da han bar ein vaksin Bukk upp-ette Besseggje; da eg saag att-ende rouk de upp-me Trøy-Kraagaa hans som utu eit Tør’stugu-Glugg!“

No va nok Skjyttar-Braatan sjøl saa magtog Kar, at de va ikje mange, han va redd aa gaa ei Kule me, naar de kniptes, men Magte hans Tjøstol ha han nok ikje eingong Hal’te ’taa og