Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/127

Denne siden er ikke korrekturlest
– 115 –

saa va han full hell ikje saa stri og hogg-fos som hann. De va Ting-Sta’ paa Toulsta den Ti’e og te Tings lout alle, som de va naagaa Liv i, antell døm ha naagaa aa gjera for Rette hell ikje. For der va de Kjenninge aa raakaa baade inna’-bygdes og utta’-bygdes og der vart de handla me Garde og Jord-Eigo, me Hest og me Fe og Kjøpskaale vart drukkje. Kleppe-Brørann va stødt ting-røkne[1] Kare og jemnan lagdes de te, at døm ha einkoms Erend dit ou, baae tvo. Vissa va Braatan saa lei i Kjeffte, at han va stemnd te-tings Gong paa Gong og fleire Vendo fekk han saamaa Erende han Tjøstol. Døm va styggt ovørdne i Kjeffte baae, men han Ola va verst, for han va saa lentog me di att-aat, at Snei-Orde hans gjekk Mann-imillom Bygde umkring, difor beit døm illt, maa’ta, og mange ’taa døm livi den Dag idag.

De va eit Saamaar-Ting paa Toulsta i 1740, va de visst, og der møtte baae Kleppe-Brørann for Rette, den eine um ein Øykje-Handel de va klaasot[2] me og den andre for ovørde Kjefft-Bruk. Da Tinge va slutt um Eftan sat de att naagaa Folk i Tingstugun og ha Dramme forr se; de va fleire Døvre me der, og nogre ’taa døm skulde vera slike Rugge, at døm ha Hog te aa yppe se, naar de kunde felle se. Og døm leit saa godt paa se, at døm ikje tenkte aa smuge for ’om Tjøstol Kleppe hell, um de galdt paa. Men te aa begjynde me, va de lugumast aa øve ivegen me ’om Ola Skjyttar-Braata, baade va han toygare ’taa se og saa va han no ikje Hal’ta saa evlog. Døvrann sat inna’ Borde i Tingstugun og ha skjenkt ’om Ola ein Dram og da den eine Æra gjere den andre fal, ha han flitt døm Snus-Hønne sitt paa ein Umgang Snus. Men no vilde døm ikje kaamaa att me Snus-Hønne hans; han freista taakaa de att me Magt, men han kom ikje fraa di. Kleppe-Brørann va ferdoge te aa gaa fraa Tingje og han Tjøstol sto heldt i Døra-Klinka og venta paa han Ola. Da han no saag, at han Ola ikje orka taakaa att Snus-Hønne sitt, gjekk han fram-aat Borde og sa aat ’om: slepp meg te me døm, eg kunde snart vera mest-som be’re go-te døm eg, kanskje!“ Me di saamaa ha han upp Haande og la te honom,

  1. ting-røk: som stødt møte upp paa Tingom.
  2. klaasot: ogreitt.