Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/132

Denne siden er ikke korrekturlest
– 120 –

ikje, Guri! De ska nok bli Inkort te Ku att!“ sa han, lødde Riffla, sette ette og skout Bjønn.

Ein Houst han laag ve Sjaadal’n, va de Ein kallas Storvik’n ou, som laag ve der paa Fisking og gjekk i Reinsfjelle attaat. No er de jemnan saa, at Venskapen millom Skjyttare og Fiskare ikje alle Ti’e er mykjy verd, for di kaar er se sjøl nerast baade i Baate og me Børsun. Og Braatan ha no elles eit Agg aat Storvikje fraa førr – han ha ’om misstenkt for, at han ha vetja[1] Maar-Fellom hans ve Nere-Sjaadal’n. Denne Gongen ha Storvik’n faatt Ti’end um, at de gjekk eit einsle Reinsdyr uppi Bess-Stronn-Fjelle og han va livande redd, at Braatan skulde faa saamaa Ti’ende og setja uppi Fjelle firi ’om. Jou, no skulde han vera sløg, tenkte han og gjorde ein Gut, han ha me se, burti Bue aat ’om Ola – Guten skulde freiste narre han Ola te-fjells paa ein a’an Kant. Detta va seint um Eftan og Guten sette se te burti Bu’n hjaa Braataa’a og fortalde baade væl og lengje um eit einsle Reinsdyr, som skulde gaa innast paa Molfly’n, hell kaar de va paa hine Siun aat Sjodale. Men antell no Guten va ohendog te aa ljuge, hell han Ola allt kunde ha faatt Teven ’taa, kaarles detta hekk ihop – da han hadde lydt ei Stonn paa de Guten ha aa fortelja, sa han: „nei, du kann ikje ljuge, du, men faa Storvik’n te, han kann, han!“ Me di maatte Guten gaa att.

Um Maargaan sette Storvik’n uppi Bess-Stronn-Fjelle saa ti’le, at de va ikje eingong graaljost, da han drog aat, han tenkte nok, at fyst skulde han no vera framme likevæl, um saa Braatan kom ette peikande, ou. Men den, som ikje forr-sov se, va han Ola Braataa og da Storvik’n kom inn-paa Fjelle, va han ikje lenger atta’-for, hell han saag atti Storvik’n og dette Maale imillom døm heldt Braatan lengje. Best de va fekk Storvik’n Ouga paa Reinsdyre og bar te aa stille fram[2] og de saamaa gjorde han Ola, men no ha han se saa nere ette, som han kunde, naar ikje Storvik’n skulde bli var ’om. Da Storvik’n va kome i høvele Skot-Maal, la han paa ein Stein og tok Sigt, no skulde

  1. vetja: seett ette, fare ivi.
  2. stille fram: leite se osedd fram i Skot-Maal.