Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/135

Denne siden er ikke korrekturlest
– 123 –

skjylde utu Ougom. Guten vart saa redd, at han la te-dørs og tordes ikje kaamaa inn-att, for han tenkte nok, at de snart kunde vanke baade Hogg og Fantord for de Arbei’e. Men best de va glotta han Ola paa Døre og stakk Hugue ut: „du fær kaamaa inn att, Gut, de er full ikje farle her, kan eg tru,“ sa han.

Som han Tjøstøl, Bror sin, va Braatan hoga te aa drikke og naar han ha faatt i Toppen va Kjeften hans ovørdin og lei; men han va meire lentog i Ordom hell Bror’n og difor beit de verre ou, de, han sa. Meir hell ein Gong vart han dømd baade te aa leggje Bot og te aa aarsaakaa se, men stødt ha han eit Sløngje-Ord me, baade naar han reidde Bote og naar han skulde taakaa i se att de Galne, han ha sagt.

Ei Kjering i Heim-Grend’n hans Ola laag han stødt ette me Kjefte; ho heitte Synne, men naar han tok ho paa Namn, vart de stødt „Tjov-Synne“[1]. Detta vilde Kjeringje ha ein Ende paa og gjekk sta og sa ve han, at no vilde ho stemme ’om te Tings og ho spaadd um, at Namne sitt og Æra si vilde ho haa osnikka[2] baade for honom og alle Andre. „Neiggu, du gjorde aat for di den Gongen, du stal Feitt-Sekken paa Austrem!“ svaaraa Braatan og paa de Svare vart de ikje meir ’taa, for Olykka va, at detta um Feitt-Sekken va sannt. Og Braatan kunde alder faa se te kalle Kjeringje anna hell „Tjov-Synne“.

Ein Gong kom han inn-i Tingstugo paa Toulsta og fekk sjaa han Jo Sandbu sat me og va Logrett[3]; han Ola va go og drukkjin og han Jo Sambu ha baade han og han Tjøstol, Bror hans, vore i Onaa’e me – de va den saamaa Jo’n som han Tjøstol golva saa dugele paa Kleppe, sia’ eingong. Me saamaa han Ola fekk sjaa Sambu’n sat Retten sette han i, saa de høyrdes ivi heile Tingstugo: „Nei sjaa me den, du! – sit ikje han Jo Sambu Log-Rett! Aa husse han Fan-i-Vold ut! Han ha vore ein Hugu-Tjuv all sin Dag og der-te ha han flaadd ei Katte[4], ou!“ Dessa Orde vart han Ola stemnd te-tings for og Endlykte vart, at han lout bøte for døm.

  1. Tjov-Synne; den gamle Forme „Tjov“ for Tjuv hekk att te umkring 1750.
  2. osnikka: orøyvd, oskadd.
  3. va Logrett: va Logretts-Mann; de kallas ou „aa sitja Retten“.
  4. Hunde, Katte og Heste va „oærlege“ Dyr i gamle Daagaa og den, som drap hell flaadde Skjinne ’taa døm va ære-lous.