Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/142

Denne siden er ikke korrekturlest
– 130 –

Og de va Valdersann væl nøgde me. Men um Natte va han i Fjelle me Øyk og kjøyrde og bar Kjøte ne-i Gjendes-Bue, gjekk saa uppi Fjelle att og møtte Valdersom ette Avtalun deres. Tri Valderse va allt paa Sta’n me Hest og Kløv-Grei’e, di hine tvo ha nok tenkt se um og møtte ikje fram. Og no vart de ei Hard- Kule – den føraste Valdersen fekk eit Spenn over Kjaakaa-Beine saa de skrell av, den andre vart gripin i Bringa og sløngt saa han gjekk Kant-i-Kant, Kant-i-Kant burt-ette Stein-Skrabbom, men den treja slapp han ha naagaa Bry for, han brukte Hara-Vyrjo de likaste han ha lært. Han som foor ille i Kjaakaa-Beine vart saa forr-komin, at han lout brøkja se paa Øykje-Ryggen og di hine tvo gjekk og stødde han – saales endlyktas de Kjøt-Byte.

Daa ei Fjell-Ferd ha han Hans me se han Per Horgje, skulde lære upp han Per, som va berre væl søtten Aar, sjøl tok han Hans da te aa eldast fort; han skulde bli ti’le gomol, Stor-Heringsta’n. Men va han Per ong, saa va han allt den Gongen baade saa stor og sterk, at de va full snoutt nokk, um de va nugun a’an hell Heringsta’n, som gjekk over ’om i Magt. Ein Dag skout døm ei stor Gjeld-Semle burtast i Heimdalshø’n og mea’ døm flaadde ho, fekk døm sjaa tri Kare langt burt-paa Fjelle som rekte beint paa døm. Heringsta’n vonast kaa de va te Folk og smoug bakum ein stor Stein. „Er de Korpe som vil ha „Løt“ me deg, saa berre held deg hard, Gut,“ sa han aat ’om Per. Jou, de va tri Valderse som vilde ha „Grunn-Løt“; døm sporde han Per kaa han va te Kar og um han kjennde, „’o Hans i Heringsta“. Nei, han gjorde ikje de, han Per, men elles skulde di Karann faa Fan hell og ikje „Grunn-Løt“. Jou, han ha fellt Dyre „paa Valdris-Eige og no ska me ha Løt me dikka, Kar“, meinte døm, og da han Per va stri, va de Ein som gav ’om ein Støyt for Bringa. Me di saamaa reiste Heringsta’n se og kom fram skjotande – men da vart de ein snar Skjølna’: Valdersann la te Sprangs som um døm ha seett Styggen sjøl.

Ein kan tenkje se, at Valdersann va hutuge[1] paa han Hans og ynskte eingong aa faatt dengt han dugele og kome „att-ve hono lite me Knive“. Jou, saa va de ein Houst, han kom i Lag

  1. hutuge: hatoge, bar Hat.