spennte Ar’byst[1] frampaa Golve og Bror aat Bru’gome fipla me ein lang Kniv i Neva. Han Hans gjorde eit Kast fram-paa Golve og spennte han paa Avle’n[2] so Tollkniven sto derra uppi Tak-Troe og der fann døm Kniven Saamaar’n ette. Saa greip han ein stor, tong Stol og sette paa aa slaa umkring se me og Valdersann lout te-dørs, han rødde Huse, saa berre Brur og Bru’gom va att inne da han saag te og sjøl sto han att me eine Bak-Stette ’taa Stole i Haann. Men no sto de att aa kaamaa ut paa fri Gard – han reiv ’taa ei Døra-Kle’ning og tok i Hande, men Bru’gomen ropte: „agte deg, Hans! de kan staa inkun baka’ Døre te-rei’e aa gjeva deg ein skamma Styng!“ Da han Hans foor gjønom Døra-Gape saag han, de skjimta paa ein Kar i Glotte millom Dør’n og Veggje og dime klemde han Døre att-paa Veggen, saa Kar’n seig i Ovet ne-me Veggje. Me Døra-Kle’ningen i Haann gjekk han utu Garde, men ingen bou te aa gaa paa han eller setja ette ’om og me di la han paa Heimvegen – i Gjestbo’e va de ikje verande lenger, de saag han, men han ha da vore me lell. Og heim-i Bygde kom han heilskjinna att me di vetle Skreppun, som han ikje ha havt ’taa Ryggje paa heile Ferd’n. Detta tykte Alle va de gjildaste Varpe han Stor-Hans gjorde.
Stor-Heringsta’n va ikje naagaa Illgjerdsmenneskje, men einn Gong kom han te aa støkkje Live aat ein Valders. Han ha skote ein stor Bukk paa Valdersfly’n og da han bar te aa flaa han, kom de faaraande ein Valders som vilde kjenne se „Løt“, tok upp Tollkniven og vilde gjeva se me aa flaa. De maatte ha vore ein Tosk, som ikje kjennde han Hans, for han va saa stri, at han ga se ikje me di han Hans sa ’om me einn Gong, at han ikje fekk nugun Løt hjaa honom. „Ja spretta du ein Finger for aa taakaa di Hann i Bukken, ska eg leggje deg paa jemte ve han!“ sa Heringsta’n. Men Valdersen va saa traa, at han rouk i eine Bakfoten og vilde te aa sprette upp. Nei da beit Sinne han Hans, saa han styrde se ikje lenger – han greip Kar’n, ha han høgt upp-ivi se og la han te aat harde Fjelle saa han laag bevra som ein Fisk og Live gjekk utu me di saamaa. „Eg tok baade