Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/145

Denne siden er ikke korrekturlest
– 133 –

Kar’n og Børsa hans og sette ne-i ein Holbekk og der staar døm den Dag idag!“ sa han Hans naar han paa sine siste Daagaa taalaa um detta. Han dølde ikje for di i siste Aarom han livde, men han greet naar han fortalde de.

Tvo Valderse sat eingong og taalaa um sterke Kare og den eine kjytte saa grovt ’taa ’om Hallvar i Lykkja som va Stor-Kjempa i Valdersbygdom, de Leite. „Ja, men ha eg vore saa sterk som han Stor-Hans i Heringsta, eg, saa skulde eg dengt han Hallvar i Lykkja, kasta han ut-i Vinstre, tikji han inn-atte og dengt han turr atte ogso!“ svaaraa den andre. Døm ha lært aa kjenne han Hans for den, han va, og sto ikje ette, aa kaamaa fram-i han.


De va mykjy Bjønn i Murudale i di Ti’om Heringsta’n va paa sitt beste og de va ikje langt imillom han slo ihel baade Hest og Ku um Saamrann. Eingong fekk han Hans Ti’en’ um, at Bjønn nyst ha drepe ei Ku for Mo’bro’ hans i Toulsta-Sæter’n og saa tok han Rifla og gjekk burti Murudalen, vilde freiste faa Tak paa Odyre. De lykkast ’om aa gjæte Bjønn upp ou og han ga ’om eit Skot mea’ han laag og aat paa Kue, han ha drepe. Fyste Skote gjorde ’om ingen Ska’e, men han tok no Kuten og han Hans lødde Riffla og sette ette ’om. Han naadde ’om att og gav ’om eit Skot te, men de tok hell-ikje aat Doua, for Bjønn venda se me di saamaa og kom imots ve han saa han lout taa- kaa Sprange onda. Bjønn dreiv paa sprang ette ’om Hans og han stræva og lødde mea’ han sprang; sist fekk han lødt, venda se og ga Bjønne treja Skote. Enno rouk han ikje, men no tok Bjønn onda og han Hans ette honom – paa denne Gjerde gjekk de me døm nogre Vendo, summe Gongo sprang Bjønn onda og summe Gongo han Hans. Men da Bjønn fekk femte Kula vart de klart me ’om og Leiken va slutt. Han Gamel-Per Øver-Bjønnsta høyrde alle fem Skote uppi Bjønnsta-Sætre, han, og va forondra paa, kaa de va paa-ferd me di, de small saa jemnt ut-i Marken. De va nok eit fæll A-Beist te Bjønn, ou; han saag han, Gamel-Bjønnsta’n, da døm kom kjørande me ’om uppi